Flyen - en Gudbrandsdalsslekt

Eiere av Flyen

Posted On: Sun, 2006-09-17 19:45 by bflyen

Nørdre Flye
  • 1666 Erland Mortensen brukar 1 1/2 hud i Flye i 1668. Har er 69 år i 1666. Har sonen Morten. Morten Erlandsen. Gift med Anne Jonsdtr. Ho døydde 1703. Dei hadde sonen Erland.
  • 1730 Erland Mortensen fekk skjøte av syskena sine på Nørdre Flye i 1730. Gift med Anne Olsdtr. Erland dødde i 1733. Sonen Morten var da 30 år.
  • 1739 Morten Erlandsen vart truleg brukar av Flye da faren døydde i 1739. Noko heimelsbrev ikkje kjent.
  • 1765 Paul Mortensen fekk skjøte på Flye av syskena sine i 1755 for 400 rd. og førå.
  • 1788 Jakob Olsen Hemrom kjøpte Nordre Flye av Paul Mortensen i 1788. for 605 rd. og førå. Dessutan tok Paul Mortensen unna plassen Espedalen til odel og eige. Jakob Olsen var gift med Gjertrud Olsdtr. Visstnok bornlause. Han er død i 1809.  Peder Engebretsen gifte seg med enkja etter Jakob Olsen, Gjertrud Olsdtr., og vart såleis brukar av Nørdre Flye.
  • 1823 Lensrmann Hans Gottfried Wang Fougner kjøpte Nørdre Flye i 1823 av Peder Engebretsen og hustru Gjertrud Olsdtr. for 1200 spd. Han var gift med Ane Nilsdtr. Vestad. Han kjøpte i 1828 og Søre Flye, og Flye har seinare vore ein gard.


Søre Flyen

  • 1666 Engebret Arnesen brukar 11Ž2 hud i 1666. Død 1683. Hadde sonen Jakob
  • 1683 Jakob Engebretsen vart truleg brukar da faren døydde i 1683. Gift med Kari Iversdtr. Død 1701. Hadde sonen Engebret.
  • 1701 Engebret Jakobsen vart truleg brukar da faren døydde i 1701. Er brukar i 1723. Gift med Kari Knutsdtr. Romsås. Hadde fleire born, millom anna sønene Iver og Kristen. Skifte i 1741 med han enda levde.
  • 1741 Iver Engebretsen var brukar berre ei stutt tid. Han døydde i 1742. Gift med Imbjør Pedersdtr.
  • 1744 Sjur Mortensen Stulen kjøpte Flye ved auksjon i 1744 for 363 rd. Auksjonen var forlangt av enkja etter Iver Engebretsen, Imbjør Pedersdtr.
  • 1747 Anders Hansen Tåkåstad kjøpte Søre Flye av Sjur Mortensen Stulen i 1747 for 378 rd. og førå til Engebret Jakobsen.
  • 1752 Kristen Engebretsen fekk skjøte på Flye i 1752 av Anders Hansen for 420 rd. Kristen Engebretsen var "rette odelsmand".
  • 1754 Kaptein Claus Oldach kjøpte Søre Flye i 1754 av Kristen Engebretsen for 420 rd.
  • 1757 Knut Engebretsen Flye kjøpte Flye ved auksjon over buet til av-lidne kaptein Oldach for 350 rd. og førå til enkja etter Oldach, forutan 2 eldre føråer.
  • 1774 Ole Olsen Elvesfad kjøpte Søre Flye av Knut Engebretsen i 1774 for 720 rd. og heftande førå (Engelandet Fugelslåa og engelandet Flyøygarden høyrde under Søre Flye).
  • 1787 Ole Jonsen Romsås kjøpte Flye av Ole Olsen i 1787 for 750 rd. og førå. Død 1821.
  • 1797 Erik Olsen fekk skjøte av far sin på Flye i 1797 for 750rd. Gift med Eli Sveinsdtr. Odlo. Han er død i 1839.
  • 1825 Ole og Svein Eriksen fekk skjøte av far sin på Flye i 1825 for 900 spd. Ole Eriksen var gift med Kari Gulbrandsdtr., og Svein Eriksen med Embjør Ransdtr.
  • 1828 Lensmann Hans Gottfried Wang Fougner kjøpte Søre Flye av Ole og Svein Eriksøner i 1828 for 850 spd. I 1823 hadde han kjøpt Nordre Flye, og gardane vart nå slege saman.
  • 1844 Prokurator Hagerup kjøpte båe Flye-gardane som lensmann Fougner før åtte, i 1844 for 2 985 spd.
  • 1844 Fogd Kahrs fekk auksjonsskjøte på Flye i 1844.
  • 1848 Hans Sjursen Skurdal kjøpte Flye av fogd Kahrs i 1848. Gift med Gunnhild Hansdtr. Ulberg.
  • 1885 Simen Hansen Flye driver Flye, men moren Gunnhild sitter fortsatt med eierskapet. Ugift.
  • 1890 Tora Hansdtr. Flye og hennes mann Amund Eriksen Trøståker driver Flye etter Toras bror Simen, fordi han ønsker å drive med handel i stedet. Toras mor Gunnhild sitter fortsatt med eierskapet.
  • 1903 Erik Amundsen Flye fekk skjøte på Flye i 1903 av Gunnhild Flye. Ho var bestemor hans, da han var son til Amund Eriksen Trøståker, gift med Tora Hansdtr. Flye.
  • 1915 Hans Flyen, sønn av Amund Eriksen Trøståker og Tora Hansdtr. Flye, flytter en tømmerstue fra Flyeausa, bygger en etasje ekstra og etablerer Fagerli som feriested. Gift med Marie Emilie Knudsen.
  • 1935 Asbjørn Eriksen Flye fekk skjøte på Flye i 1935 av foreldra sine for kr. 19 000 og førå.
  • Nåværende eier er Erik Flyen. Det er ingen drift på gården.


( categories: )

Syndicate

Syndicate content

User login

Latest image

Gravstein Ringebu Stavkirke